Velkommen til butikken på låven

 

Kårvatn Fjellutstyr starta i det små i november 1992 av Gudmund Kårvatn. Basert på ein lidenskap for godt og funksjonelt utstyr for ski, klatring og friluft. 

På den tida var det vanskeleg å skaffe skikkeleg utstyr her i Midt-Norge, og ein måtte gjerne til Hemsedal eller Oslo for å finne godt utval. Og det lille firmaet fekk fotfeste i markedet raskt. 

Butikken var då eit innreia rom i hovedhuset på garden. Men etterkvart vart behovet for utviding større, og i 1997 vart butikken flytta til låven på garden. Større lokaler, og meir tilpassa drifta. Etterkvart vart begrepet "butikken på låven" skapt. Salget auka, og det same gjorde utvalet. Det var også dette året Kårvatn Fjellutstyr starta med import av merket Sir Joseph. 

Allereie dei første åra kom det forespørslar om å utruste forskjellige ekspedisjonar. Bl.a. har Kårvatn Fjellutstyr vore "hoffleverandør" til Rune Gjeldnes.

I 2008 starta arbeidet med det som skulle bli den tredje akta i firmaets historie. Ein stor låve vart flytta frå garden Blokhus på Oppdal og ned til Kårvatn. Denne skulle bli den nye basen for viare drift. Hausten 2009 vart firmaet omorganisert til AS, og Kristian Mossing kom inn på eigarsia. Sommaren 2010 var endeleg den nye butikken klar for åpning. Eit stort skritt vart teke, og drifta var lagt om. 

Fjerde akt 2015. Nok ei omorganisering vart gjort på Kårvatn. Firmaet er i dag todelt, der Kårvatn Handelskompani AS driv med import og distribusjon, og Kårvatn Fjellutstyr AS driv butikken og sal til sluttbrukar. Kårvatn Handelskompani AS har etterkvart fått ein stor stall med svært solide merkevarar som SkiTrab, Sir Joseph, Contour, Voile, Zag Chamonix, Gipron, Crazy Idea, Coxa Carry, Powertraveller og Veriga.

Februar 2017 starta femte akt for Kårvatn Fjellutstyr når vi stolt kunne presentere nettbutikken vår. Vi håper at den skal vere med på å synleggjere oss meir både for nye og trofaste kundar. 

Vi er stadig i utvikling, noko som skal vera kjenneteiknet vårt. Heile tida på jakt etter nye "godsaker", både i butikk og for distribusjon. Som 100% kjedeuavhengig er vi svært fleksible i forhold til innkjøp, så dersom det er noko spesielt du har lyst på så ta gjerne kontakt!

Sjølv om vi nå har nettbutikk ønsker vi fortsatt god kontakt med kundane våre!

Send oss en epost til laila@fjellutstyr.no eller fredrik@fjellutstyr.no

Eller ring oss på: 71663929

 OPNINGSTIDER

Måndag-onsdag 10.00-16.00

Torsdag 10.00-19-00 LANGOPE

Fredag og laurdag 10.00-16.00

Velkommen til Norges mest avsideliggandes fjellsportbutikk!