Velkommen til Noregs mest avsideliggandes fjellsportbutikk!

Kårvatn Fjellutstyr starta i det små i november 1992 av Gudmund Kårvatn, og vi let Gudmund sjølv fortelje historia om eventyret Kårvatn Fjellutstyr:

 

"Det heile starta nok med ein lideskapeleg far, og vart vidareført med eit aktivt fjelliv saman med Rune på slutten av 80-tallet, med klatring og topptur sommar som vinter. Lidenskapen for funksjonelt og godt utstyr ein kan stole på vart skapt. Hausten 1992 vart draumen om Kårvatn Fjellutstyr realisert. På den tida var det ikkje så mange plassar ein kunne få kjøpt skikkeleg utstyr, ein måtte anten til Hemsedal, Oslo, Otta eller Tromsø. Så da måtte det væra behov for eit utsal i Midt-Noreg og, og det var det! Først vart det laga ein liten butikk i hovedhuset på garden. Den vart fort for liten, så i ́97 vart det snekkert ein ny butikk på låven. Det var også i ́97 det vart starta med import, og samarbeidet med den dedikerte dunprodusenten Sir Joesph kom i gang. Dette vart også ei ny æra, da drifta frå da vart todelt med butikk og import/engros. Butikken på låven vart også hurtig utvida, da det trengtes meir plass. Til slutt vart det som ei handlegate med forskjellige små hus med spennades innhald for friluftsentusiastar. Innovativitet har alltid vore viktig, å vere tidleg ute med bra saker. Vi var bland dei første som starta med Arc ́teryx, randonee ski og eigen ull. I tillegg var det å utruste forskjellige ekspedisjonar ein viktig del av drifta. Alt ifrå kryssing av Syd- og Nordpol, via storveggar på Baffin til Noreg på langs og tvers. Dette gav både erfaring og kompetanse og satte meg på prøve i forhold til kompromisslause brukarar. Utstyret måtte vere optimalt, og fungere! Gjerne vart det også spesialtilpassa. Så det har opp i gjennom åra vore mang ein god utstyrsprat med Rune Gjeldnes, som var ein av dei meir krevjande brukarane. I 2006 starta ein ny epoke. Eg kom i gang med lagerhotell for merket Smartwool, og all distribusjonen her til lands gjekk ut frå Kårvatn. Det var ein distriktspolitisk diskusjon med Henrik hos Norsk Fjellsport som førte til dette :) Dette gav eit kraftig behov for meir plass. Så da starta planane om utvidelse til der vi er i dag. Satse eller ikkje. Det fantes sjølvsagt ingen anna veg enn opp og fram. Resultatet vart å flytta ein eldgamal tømmerlåve frå Blokhus på Oppdal, og tilpassa den inn i tunet her på Kårvatn. Resultatet vart eit bygg vi vart stolt av, og fungerte godt til både lager og butikk. Ein ny, god arbeidsplass vart skapt. Hausten 2008 starta bygginga, bokstaveleg stokk for stokk, men med særs gode handverkarar gjekk dette fort og stødig. Og i mars ́09 kunne vi ta i bruk lagret, og våren etter var den nye butikken på plass. Samtidig vart Kårvatn Fjellutstyr eit AS, da ambisjonane for drifta vart skruva opp.

 Det vart behov for gode folk i drifta, så etterkvart vart Låven ein arbeidsplass for fleire. Drifta vart utvida, fleire nye og gode merker vart importert, og solgt vidare til fleire hundre andre butikkar i landet. Det å vere offansive på kva som skjer i verda, gjer også utvalet og kompetansen på Låven betre. No i dag er vi fem dyktige personar som har sitt arbeide med utgangspunkt i Låven og drifta der. Butikken på Låven sel no over heile landet og vel så det, eit nytt kapittel starta i år, vi kom oss på nett! Arbeidsplassen vår er særs lokal, men vi er dagleg internasjonal. Handlar, lærer, diskuterer over heile verda. Du som vår kunde skal nyte godt av det! Alltid framoverlent. Mange har stilt spørsmålet korleis det går an å drive herifrå. Svaret er enkelt. Vilje og tru er viktig, væra framoverlent og «på», og gjere kundane fornøgd. Folk som vel utstyr herifrå skal kunne smile både på tur opp, når dei er på toppen, og ikkje minst på tur ned! Gjere folk glade gjennom utstyr som fungerer på tur. Med både butikk, import og distribusjon er det mange rollar som må dekkast. Den gjengen vi er på Låven no, uvurderlege folk med kunnskap og lidenskap. Ein viktig bjelke for at vi er godt rusta for vinteren, og åra etter. Ein stor takk til alle kundar og dei som har vore med på turen så langt, de må fortsette å smile når de er på tur! Som min oldefar ein gong skreiv der han satt i Neådalen:"

Det muntre sinn

Den seige kropp

Gir fjellet den

Som elsker det

Og dyrkar det.

 

Helsing Gudmund

 

 

 

Vi er stadig i utvikling, noko som skal vera kjenneteiknet vårt. Heile tida på jakt etter nye "godsaker", både i butikk og for distribusjon. Som 100% kjedeuavhengig er vi svært fleksible i forhold til innkjøp, så dersom det er noko spesielt du har lyst på så ta gjerne kontakt!

Sjølv om vi nå har nettbutikk ønsker vi fortsatt god kontakt med kundane våre!

Vi er ein liten gjeng på fem personar som tilsaman driv Kårvatn Fjellutstyr AS og Kårvatn Handelskompani AS. 

Send oss en epost til laila@fjellutstyr.no eller fredrik@fjellutstyr.no

Eller ring oss på: 71663929

 OPNINGSTIDER 

Måndag

10.00-16.00

Tysdag

10.00-16.00

Onsdag

10.00-16.00

Torsdag

10.00-19.00 (LANGOPE)

Fredag

10.00-16.00

Laurdag

10.00-16.00

Søndag

Stengd

 

Velkommen til Norges mest avsideliggandes fjellsportbutikk!